Eit meget oppløftande møte, i regi av Sunnmøre Fotballkrets, Fortuna og Herd, gjekk av stabelen måndag kveld på klubbhuset til Blindheim, der temaet var ei felles satsing for å få på plass eit Sunnmørslag i Toppserien innan 2023. 12 klubbar frå Sunnmøre deltok, deriblant FK Sykkylven. Konklusjonen blei ei unison stemning rundt å jobbe fram eit kvinnelag i AaFK-regi (og då «ta over» Fortuna sin plass i seriesystemet), noko dagleg leiar i AaFK, Geir Steinar Vik, heller ikkje var avvisande til. Ei eventuell satsing på «AaFK Kvinner» skal strategibehandlast i klubben hausten 2019.





Lukk meny