I dag blei Natalie Hjellegjerde og Sanna Aslaksen frå FK Sykkylven teken ut i troppa til det nye J17-kretslaget til Sunnmøre.

Uttaket, der Hjellegjerde har blitt teken ut som stopper og Aslaksen som back, gjelder for første halvår 2019. Det blir gjort nytt uttak til sommaren som gjeld for andre halvår. Det vil gjennom året bli gjennomført ca.12 treningssamlinger og i tillegg blir det spilt kamper mot Nordmøre og Romsdal Fotballkrets og evt. klubblag damer.

Ansvarlege for denne spelerutviklingsgruppa blir FK Fortuna med Magne Elde og Eirik Hoseth. Første samling er torsdag 3. januar 2019 i Sparebanken Møre Arena. Andre samling blir søndag 13. januar 2019 i same hall.

Tidlegare i desember blei Kajsa Lyshol (SIL) og Helene Rust (SIL), som begge hospiterer på Damelaget til FK Sykkylven, teken ut på J15-kretslaget. I tillegg blei Sofie Kolås (SIL) og Linnea Saugestad (SIL) teken ut på J14-kretslaget.

Blant SIL-gutane blei Lars Jarnes Ramstad og Eskil Aarhuus Utgård (G15) teken ut, medan Marcus Bueide frå FK Sykkylven kom med på G14-kretslaget.

Lukk meny